Tankesmie på Slidreøya

Det har blitt tatt i bruk eit nytt område på Slidreøya som har fått navnet «Tankesmia» Besøks- og refleksjonshage. Området ligg litt ned for gardstunet, omkransa med ein skigard.

Den gamle smia på garden er nyleg sett i stand, og er no identisk med slik den var for mange år tilbake.

«Tenk ut» Refleksjonsgrupper er eit konsept som blir mykje brukt i tilbakeføringsarbeidet på Slidrøya. Rommet i smia blir brukt til refleksjonsgrupper, kurs og opplæring. Innsette har stor nytte av å bruke dette rommet med god atmosfære, - som skapt for stillheit og ettertanke.

Smia er sett i stand med arbeidskraft frå både tilsette og innsette. Fengselet har fått innvilga midlar frå Smil, som har gjort prosjektet mogeleg å gjennomføre.  

Smia er blitt eit nytt og veldig bra tilbod som leiinga for Kriminalomsorgen ser på som svært positivt. Vestre Slidre kommune var på synfaring 29. august. Der fekk kommunen sjå eit spennande  og framtidsretta prosjekt.