Valdres Næringshage i Vestre Slidre

Frå januar 2021 vil Valdres Næringshage (VNH) vere fysisk plassert i kommunehuset i Vestre Slidre.

Vi håpar med dette å bringe næringshagen nærare innbyggarane i kommunen med mål om å senke terskelen for kontakt mellom næringshagen og næringsdrivande/framtidig næringsdrivande og mellom næringshagen og kommunen. Næringshagen vil vere plassert på Slidretun kvar fyrste tysdag i månaden frå og med 05.01.2021.

Valdres Næringshage tilbyr rettleiing både til nyetablerarar og  bedriftseigarar som ynskjer å utvikle verksemda vidare. Vi håper gjennom dette å styrke satsinga på næringsutvikling i Vestre Slidre og oppfordrar alle som ynskjer å vekse eller bærer på ein gryande forretningsidé om å ta kontakt med Tone Ranheim (tone@valdres-nhage.no, tel. 909 74 186) for å avtale eit møte. Dei som ynskjer det er òg velkomne til å «poppe innom» når næringshagen er på besøk. Med næringshagen fysisk til stades på kommunehuset, vil terskelen senkast for at ordførar, rådmann, samfunnsutviklar, landbrukskonsulent eller andre kan delta på møta, dersom dette er ynskjeleg.

Saman – og i samarbeid med Valdres Sparebank – vil vi òg arrangere regelmessige næringsfrukostar – anten fysisk eller digitalt. Den neste vil haldast tysdag 05.01.2021. Vi kjem attende til korleis dette vil gjennomførast. Tema for møtet blir bustads- og hytteutvikling. Ta kontakt med Tone Ranheim (tone@valdres-nhage.no, tel. 909 74 186) for å melde deg på med tanke på at korona-situasjonen kan endre korleis møtet vert gjennomført i siste augeblikk.

Kommunen og næringshagen vil samstundes fortsette å besøke næringsdrivande der dei held til for å støtte dei i deira arbeid.

Vi ynskjer alle velkomne til å bidra inn mot vekst og utvikling i Vestre Slidre!

Møte mellom Vaset Vekst, kommunen og Valdres Næringshage. André Nilsen