Vassmålaravlesing 2019

Klikk for stort bileteNo er det tid for vassmålaravlesing og det blir sendt ut SMS-varsling tysdag 17.desember til dei som har registrert mobilnummer for avlesning.  Det blir og sendt ut avlesningskort pr. post med informasjon om rapportering av målarstand til dei som ikkje har SMS-varsling.

 

Frist for innlesing på SMS er 27.desember. Får du ikkje lese av målaren før etter 27.desember, kan de notere ned målerstand og ta kontakt med kommuna på telefon 61 34 50 00. 

Svarslipp for rapportering av vassmålaravlesing
Dei som har fått avlesningskort i posten, kan fylle ut målarstand, signere og sende svarslippen til Vestre Slidre kommune. Her kan du og leggje inn mobilnummer hvis du ynskjer å få lese av målaren på SMS ved neste års avlesing.
På avlesningskortet står det ei kode som kan brukast hvis ein ynskjer å lese av på den web-baserte løsninga, leseav.no.


Frist for innlevering på leseav.no og avlesningskort er  5. januar 2020.

Har de spørsmål, ta kontakt på telefon 61 34 50 00.

Vasslekkasje kan være dyrt. Til og med ei kran som berre dryp langsamt kan bruke fleire tusen liter på eit år. Ein WC kan lekke verkeleg mykje vatn, opptil fleire hundre tusen liter vatn på eitt år. Slike lekkasjar må du betale for. Gjer det til vane å kontrollere at det ikkje lek heime hos deg: Steng alle kraner og kontrollér at ingenting rører seg på vassmålaren. Er det bevegelse på vassmålaren din når alle kraner er stengt: Ring ein røyrlegger!

Kontaktinfo

Camilla Bjone Hålien
Sekretær - teknisk avdeling
E-post
Telefon 61 34 50 78