Vi har fått nye nettsider!

Vi har fått nye nettsider for å gjere det enklare for deg å finne nyttig informasjon. Dei gamle sidene er borte og vi håper at dei nye sidene gjer det enklare å finne fram. Dei seks valdreskommunane har samarbeidd om utforminga av dei nye sidene, mens innhaldet er strukturert noko ulikt.

Stort fokus på nyttig informasjon og sjølvbetening

Vi ynskjer med desse sidene å presentere relevant informasjon på ein enkel måte. Mange av dei gamle papir-skjemaa vart med over i fyrste omgang, men i tida framover har vi eit håp om å få på plass fleire elektroniske skjema. Da blir det enklare å søkje om tenester, og handsaminga hjå kommunen vert raskare og betre.

Vi ynskjer tilbakemelding frå deg

Send oss ei melding om det er noko du ikkje finn. Vi har starta med blanke ark, så vi set stor pris på meldingar frå dykk om forbetringar som kan gjerast i framtida.