Vil du bli meddommar?

Kvart fjerde år vel kommunar og fylkeskommunar nye meddommarar og skjønnsmedlemmar som skal gjere teneste i domstolane. Vestre Slidre kommune skal velja meddommarar til Valdres forliksråd,  Vestre Innlandet tingrett,  Vestre Innlandet jordskifterett,  Eidsivating lagmannsrett og skjønnsmedlemmar. 

Personane veljast for perioden 1. januar 2025 til 31. desember 2028. 

Meddommarar spelar ei viktig rolle i rettssystem vårt. I følge domstolslova § 67 skal utvala av meddommarar vere allsidig samansett. Hensikta er at meddommarar skal representere alle deler av folket. Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ei rettssak på lik linje med domstolen sine eigne fagdommarar. 

Kven kan bli meddommar?

I medhald av domstolslova § 70 må den som blir vald: 

  • ha tilstrekkelege norskkunnskapar, og elles vere personleg eigna til oppgåva
  • vere fylt 21 år og vere under 70 år pr. 1. januar 2025
  • ikkje vere frådømt stemmeretten
  • ikkje være under offentleg gjeldsforhandlingar eller konkursbehandling eller i konkurskarantene
  • stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen
  • vere norsk eller nordisk statsborgar eller registrert i Folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra
  • ha nok digital kompetanse til å ta imot og lese dokument digitalt og kunne kommunisere digitalt med domstolen

Domstollova § 71 regulerer kven som ikkje kan veljast på grunn av stilling, medan domstolslova § 72 regulerer kven som ikkje kan veljast på grunn av vandel.

Spesielt om val av forliksrådsmedlemmar

jf. § 56 i domstollova må forliksrådsmedlemmar ha fylt 25 år. Forliksrådsmedlemmar skal vere særleg eigna til oppgåva og beherske norsk skriftleg og munnleg godt. 

Spesielt om val av meddomarar til jordskifteretten

Vere kunnige i saker som jordskifteretten til vanleg har jf. jordskiftelova § 2-5. Eksempel på yrkesbakgrunn/kompetanse kan vera gardbrukar, skogbrukar, entreprenør, arealplanleggjar/veg, rekneskap, takst av eigedom/bygg og offentleg tilsette. Kandidaten bør ha normalt god helse, då det som regel er befaring som eit ledd i forhandlingane/rettsmøtet.  

Spesielt om val av skjønnsmedlemmar

Skjønnsmedlemmar blir nytta av både lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten. Skjønnsmedlemmar veljast av fylkestinget etter forslag frå kommunane. Skjønnsmedlemmar blir nytta i saker som handlar om skjønn. For domstolane er det viktig at skjønnsmedlemmane har ein særleg kompetanse, til dømes innan verdifastsetting av landbrukseigedomar, økonomi og rekneskap, skogbruk, byggfag eller reindrift. Det er inga øvre aldersgrense for vervet jf. skjønnsprosessloven § 14. 

Les meir om rolla som meddommar (domstol.no)

Søknad

Søknadsfrist: 1. april 2024.  

Dersom dette er noko for deg kan du søke her.

Dersom du har spørsmål kan du sende e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller ring 61 34 50 00.