Røn naturbarnehage

Røn naturbarnehage er ein flott utbygd barnehage med 54 plasser med tre avdelingar inndelt etter barns alder.
 

Grillhytta i Røn naturbarnehage - Klikk for stort bileteGrillhytta i Røn naturbarnehage

Barnehagen ligg fint til i byggefeltet i Røn, ovanfor bensinstasjonen og Røn butikksenter, med utsikt til Jotunheimen og Slettefjell. Vi har eit unikt uteområde som byr på mange fysiske utfordringar av ulike slag, som er viktig for barns generelle utvikling.

Vi profilerer oss som naturbarnehage, men har likevel ei fin veksling mellom ute og innetid. Barn og vaksne trivst svært godt ute, så mykje av barnehagedagen er vi ute, dersom vær og vind tillet det. Utetid blir prioritert, det er heldig og påverkar barna langt ut i skulealder. Vi har samlingar, matlaging på bål, sangstunder, turar osv. - med fokus på bærekraftig utvikling.

Vi har eit heilt unikt uteområde med skog, variert og ulent terreng og asfalt. Uteleikeplassen elles er ganske variert med ulike huske stativ og sykkelbane i kjedaren som vi kan bruke på kalde dagar. I tillegg har vi to små leikehus til rolleleik, stor og liten sandkasse.
 

Like ved barnehagen har vi vår eigen 100–meterskog, bålplass og gapahuk, som nokre fedre har sett opp og ulike klatreanretningar. Dette er med på å gi barna mange og varierte erfaringar som er nyttige. Dette er opplevingar i tråd med visjonen vår,” med vind i håret og meistringsfryd”. Det gir det enkelte barn ei god kjensle av meistring av ulike slag, noko som er svært viktig i barns utvikling.

Vi har også grillhytte med bålplass, og har planer om å setja opp ein gapahuk til ved hoppbakken i vår. Om vinteren boltrar vi oss i akebakken der vi kan aka på akebrett eller gå på ski. Forskjellige turmål har vi i nærområdet. Vi har faste utedagar, avdelingsvis, med leik og moro. Dei minste barna har sitt eige opplegg med tanke på utetid.
 

"Verda" utanfor barnehagen

Barnehagen jobbar ut frå Rammeplan for barnehagar med 7 fagområde. Sjå elles årsplan for meir informasjon. Fleksible løysingar i naturbarnehagen bidreg til at barna har eit godt tilbod i sin barnehagekvardag, pedagogisk lagt opp etter alder på barna. Det er stor stabilitet i personalgruppa, med godt humør og kvardagsglede så kjennest dagen meiningsfull i barnehagen vår, både for store og små!

Det er viktig med godt foreldresamarbeid, det er noko vi jobbar med kontinuerlig og vektlegg god dialog med foreldre.

Barna er delt inn i tre avd: Nøtteliten 1 - 2 1/2 år, Marihøna 2 1/2 - 4 år, og Gaupa 4 - 6 år.

Nyttige lenkar:

Føresettportalen

Kontaktinfo

Røn naturbarnehage
E-post


Avd. Nøtteliten
90 40 53 00

Avd. Marihøna
90 40 66 50

Avd. Gaupa
94 87 46 20
 

Gunn Britt Haugrud
Barnehagestyrar
E-post
Mobil 97 60 28 76

Åpningstider

Måndag - fredag: kl. 07.15 - 16.45

Adresse

Røn naturbarnehage
Furukollen 1
2960 Røn