Slidre barnehage

Slidre barnehage er ein kommunal barnehage godkjent for 54 plassar. Du finn oss i byggefeltet rett opp for skulen og kommunesenteret i bygda. Vi har tre avdelingar: Knerten (1-2 år), Raketten (2-4 år) og Spretten (4-6 år). Vi har ei erfaren og stabil personalgruppe, som gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag – kvar dag. Humor og glede står sentralt i arbeidet vårt.

Slidre barnehage - collage - Klikk for stort bileteSlidre barnehage

Slidre barnehage er ein moderne og funksjonell barnehage, med eit stort og variert uteområde. Uteleikeplassen vår består av mellom anna ein unik skogkrull med lavvo, grillhytte, akebakke og plassar å gøyme seg bort i. Vi har også ein eigen klatrevegg, samt ulike leikeapparat som byr på både glede og utfordringar for både store og små barn. Vi har ein gapahuk i skogen like ovanfor barnehagen som vi nyttar ofte, samt gode turmoglegheiter i nærmiljøet.

I Slidre barnehage jobbar vi ut i frå eit heilskapleg syn på barn. Dette betyr at det einskilde barns utvikling blir sett som eit dynamisk og gjensidig samspel mellom barnets føresetnader og det miljøet som dei er ein del av. Vi ynskjer å tilby alle barn eit trygt, variert og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og kulturell bakgrunn. Alle barn skal få kjenne seg som ein likeverdig del av barnehagens fellesskap, og bli møtt og anerkjent som den dei er. Slik kan dei utvikle tryggheit på seg sjølv og på eigen identitet.
 

Slidre barnehage er ein LØFT-barnehage. Dette betyr at vi har fokus på løysingar i staden for problem. Vårt mål er å gje ungar reiskap for aktiv og positiv læring ved å fokusere på det ungane kan og klarer, samstundes med å gje dei utfordringar som passar deira alder og modning. Dette meiner vi vil styrke dei på vegen vidare, og gje dei ein god ”ballast” å ta med seg vidare i livet.

Velkommen til Slidre barnehage – vi ser fram til å bli kjent med dykk!
 

Nyttige lenkar:

Føresettportalen

Kontaktinfo

Slidre barnehage
E-post

Avd. Knerten, tlf: 46 88 61 30
Avd. Raketten, tlf: 46 86 65 40
Avd. Spretten, tlf: 46 84 96 40

Kristin Bråten Tvenge
Barnehagestyrar
E-post
Mobil 94 80 38 24

Åpningstider

Måndag - fredag: kl. 07.15 - 16.45

Adresse

Slidre barnehage
Viovegen 14
2966 Slidre