Søk barnehageplass

Søknadsfrist for barnehageåret 2024/2025 er 1. mars 2024. 

Vestre Slidre kommune brukar eit elektronisk system for opptak og administrasjon av barn i barnehage. Systemet har ein søkeportal der alle føresette med barn i barnehage i Vestre Slidre kan logge seg inn og sjå opplysningar om eigne barn, endre eller seie opp plass, eller endre kontaktopplysningar. Innlogging skjer via MinID eller Bank ID. Føresette som ikkje har barn i barnehage i Vestre Slidre kommune, kan søkje om plass utan å logge seg inn i systemet. Dersom du har barn i barnehage– logg deg inn og sjekk at opplysningane vedrørande ditt barn stemmer.

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. Dersom barnet fyller eitt år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født. 

Har du spørsmål kan du kontakte den aktuelle barnehagen.