Gratis Kultur-SFO

Tilbod om gratis kultur-SFO 

På måndagar sluttar skulen 14:00 for 1. og 2. klasse. Då kan alle som vil vere med på gratis kultur-SFO fram til skulebussane går kl. 14:45.
 

Kultur-SFO er eit gratis aktivitetstilbod i regi av kulturskulen. Vi har erfarne kulturskulelærarar som skreddarsyr gruppeaktivitetar for 1. og 2. klasse innanfor faga dei brenn for. Det kan til dømes vere teater, fiolin, cello, dans eller formingsaktiviteter. Elevane blir delt i 3-4 grupper som rullerer i løpet av året.