SFO (skulefritidsordning)

Skulefritidsordning er eit tilbod for 1. - 4. klassingar før og etter skuletid. Kommunen har tilbod om skulefritidsordning ved Vestre Slidre skule.  
 

Inngangen til SFO

 

Inne på SFO

Slik søker du SFO-plass

Det blir SFO-tilbod før og etter skuletid, samt feriar, dersom det er min. 5 barn påmeldt. Alle som ynskjer SFO-plass eller endring av plass må søke elektronisk via føresettportalen  Her kan du sjå opplysningar om eigne barn, endre eller seie opp plass, eller endre kontaktopplysningar. Innlogging skjer med ID-porten.

Søknadsfrist for hovudopptaket til skulefritidsordninga er 1. april. 
 

Redusert foreldrebetaling SFO

Søskenmoderasjon

Søskenmoderasjon for Vestre Slidre kommune fungerer på tvers av barnehage og SFO.

Redusert foreldrebetaling SFO

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for SFO for elever på 1.-4.trinn, slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

a) foreldrebetalinga for eitt skoleår utjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

b) det er varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Betaling for kost kjem i tillegg.

For søknader levert før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret. Ein må søke på nytt for kvart skuleår. Søknad sendes i visma, sjå over. Hugs dokumentasjon. Skattemeldinga finn ein i altinn.no 

Gratis skulefritidsordning for elevar på 1. årstrinn

Kommunen skal gje fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. årstrinn som har plass i skulefritidsordninga. Kommunen avgjer kva dagar og når på dagen ordninga gjeld. Kommunen kan ikkje rekne om dei 12 timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke. Dersom kommunen tilbyr skulefritidsordning i feriane til skulen, gjeld fritaket også i desse periodane.

Særskilte behov

Kommunen skal ha eit tilbod om SFO for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn, jf. opplærinslova sin § 13-7 føste ledd. Tilbodet på 5.-7. trinn skal vere gratis. Kost kjem i tillegg.

Forskrift om reduksjon i foreldrebetaling for SFO

Forskrifta finn du her.

Kontaktinfo

Bjørg Heggom
Ansvarleg for SFO
E-post

 

 

SFO

Åpningstider

Før skuletid  7.30-8.30

Etter skuletid  14.45-17.00  (tysdag 14.15-17.00, torsdag 14.00-17.00)

Adresse

Vestre Slidre skule
Slidrevegen 17
2966 Slidre