Nye vedtekter frå 01.08.23

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I VESTRE SLIDRE KOMMUNE
 

Vedteke i kommunestyret 23.02.23, gjeldande frå 01.08.23.

§ 1 EIGARFORHOLD                                                            

Vestre Slidre kommune eig ei skulefritidsordning (SFO). Denne er knytt til Vestre Slidre skule. SFO-tilbodet vert drive i samsvar med Opplæringslova med forskrifter, statlege retningslinjer og kommunale vedtak. Kommunestyret har politisk ansvar for forvaltninga av SFO.
 

§ 2 FORMÅL

SFO er eit omsorgs- og aktivitetstilbod for 1. – 4. klasse, og for barn med særskilde behov i 1. – 7. klasse. SFO skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår.

Skulefritidsordninga sitt verdigrunnlag og innhald skal vere i tråd med «Forskrift om rammeplan for skolefritidsordningen» og lokal årsplan for SFO. Det vert lagt vekt på å gje barna ansvar, omsorg og respekt.
 

§ 3 SØKNAD – INNTAK

Søknad om inntak skjer via Føresettportalen på Vestre Slidre kommune si heimeside. Det vert gjeve plass for eitt skuleår om gongen. Ordinær søknadsfrist er 1. april. Det er anledning til å søke SFO-plass i løpet av skuleåret. Det kan søkast om opphald morgon og ettermiddag faste vekedagar.
 

§ 4 OPNINGSTIDER OG TILBOD

SFO følgjer skuleruta. For at det skal oppretthaldast SFO-tilbod må minst 5 barn vere påmeldt.

Det er tilbod om ferie-SFO frå 1. august til planleggingsdagane, haustferie, vinterferie og frå skuleslutt til 1. juli dersom det er minst 5 søkarar. Det må søkast særskild om ferie-SFO. Søknadsfristen for opphald i feriar vert publisert i Visma. SFO har eigne opningstider i feriane.  

SFO er ope kvar skuledag før og etter skuletid.
 

§ 5 FORELDREBETALING

Kommunestyret fastset kor mykje ein plass i SFO kostar pr. år. Foreldrebetalinga aukar normalt ved årsskiftet. Betalinga skjer forskottsvis kvar månad og blir fordelt på 11 månader, med fråtrekk for haust- og vinterferie. Betaling for ferietilbod fakturerast i forkant.

Ved opptak av nye barn i skuleåret, reknar ein foreldrebetalinga frå oppstartsdato. Det same gjeld ved endring av plass.

Det er høve til å kjøpe enkelt morgonar/ettermiddagar dersom det er ledig kapasitet.

Det vert gjeve frådrag i foreldrebetalinga for legitimert sjukefråvær i 14 samanhengande dagar eller meir. Søknad om betalingsfri sendast til skulen. Stadfesting frå lege, sjukehus eller liknande må leggast ved.

Det vert ikkje gjeve betalingsfritak for uforutsett stenging over kortare tid (til dømes streik, streng kulde, pandemi, vassmangel eller liknande) eller ferie i løpet av skuleåret.

Kommunestyret vedtek betalingsregulativ for dei ulike kategoriane av SFO-plass og gebyr ved for sein henting.

Kommunen innvilgar automatisk syskemodersjon for sysken på same folkeregistrerte adresse. Syskenmoderasjonen gjeld på tvers av barnehage og SFO. Det vert gjeve 30% reduksjon for det andre barnet og 50% reduksjon for det tredje og fleire barn. Størst syskenmoderasjon til det yngste barnet. Sysken med gratis opphald i heile eller deler av opphaldstida får ikkje og utløyser ikkje syskenmoderasjon.

Betaling for full plass for barn som har gratis opphald deler av opningstida vert rekna slik:

Ordinær pris for full plass minus ordinær pris for plass tilsvarande tal gratis timar.

Foreldrebetaling for SFO skal vere i tråd med «Forskrift til opplæringslova», Kapittel 1B. Skolefritidsordninga, og dei til ei kvar tid gjeldande ordningar for reduksjon i foreldrebetaling.

Skulen avgjer kva dagar og tidspunkt for gratis-SFO gjeld, men skal legge til rette for fleksibilitet gjennom å tilby val for ordninga.
 

§ 6 ENDRING ELLER OPPSEIING AV PLASS

Endring eller oppseiing av plass må skje på Visma. Endrings-/oppseiingsfristen er ein månad rekna frå den 1. i kvar månad.

Ved manglande betaling eller anna misleghald kan barnet miste plassen sin. Kommunedirektøren har oppseiingsmynde. I slike saker skal føresette varslast i god tid slik at dei har moglegheit til å rette opp forholda som kommunen ikkje kan godta.
 

§ 7 KLAGER – KLAGEINNSTANS

Alle enkeltvedtak, for eksempel avslag på søknad om plass og avslag på søknad om friplass, kan innklagast.
 

§ 8 INTERNKONTROLL

SFO er i tillegg til gjeldande lover med forskrifter, omfatta av Vestre Slidre kommunes rutinar og retningsliner for helse, miljø og sikkerheitsarbeid.
 

§ 9 BEMANNING OG LEIING

Rektor er administrativ og fagleg leiar av skulefritidsordninga. Rektor kan delegere myndighet til ein særskilt leiar for skulefritidsordninga. Gjeldande bemanning på SFO må sjåast i samanheng med sosialfaglege utfordringar i barnegruppa og kva som er forsvarleg. Rektor vurderer dette.

Dei tilsette i SFO skal fortrinnsvis ha utdanning som fagarbeidarar innan barne – og ungdomsarbeidarfaget eller tilsvarande utdanning.
 

§ 10 LEIKE OG OPPHALDSAREAL

Areal for leik og opphald i SFO er ein integrert del av skulen. Rektor vurderer om areal ute og inne er tilpassa den aktiviteten som skal drivast.
 

§ 11 TEIEPLIKT

Tilsette i SFO fyljer reglane om teieplikt og opplysningsplikt jfr. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) § 13.
 

§ 12 POLITIATTEST

Den som skal tilsettast fast eller midlertidig i SFO skal leggje fram politiattest og må innhente denne før tiltreding.
 

§ 13 FORSIKRING

Vestre Slidre kommune har teikna ansvars – og ulykkesforsikring som gjeld den tida barna er i SFO.