Søke spelemidlar

Fristar for spelemidlar i Vestre Slidre:

1. sept. Melde frå om at ein tenkjer å søke

10 - 20.sept. Møte med alle som skal skrive ny søknad.

1. nov. Frist for å levere den faktiske søknaden via departementets søknadsportal på internett.

Om ordninga:
Spelemidlar er i grove trekk ei ordning der staten brukar inntektene frå Norsk Tipping til å støtte idrettsanlegg og kulturbygg. For idrettsanlegg er det to slag støtte:

Ordinære anlegg der støtta kan vere opp til 1/3 av kostnaden. Med ordinære anlegg menes anlegg for organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.

Nærmiljøanlegg der støtta kan vere opp til 50% av kostanden.  Eit anlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, som ligg tilknytt boområde og/eller opphaldsstader. Som nærmiljøanlegg reknast berre utandørs anlegg.

Det er knytt mange ulike krav til anlegget, søkaren og søknaden. Det oppmodas derfor til at dei som er interessert i å søkje set seg godt inn i «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet» som ein finn på www.idrettsanlegg.no.