Tilskotsordning for å auke bustadtilfanget i Vestre Slidre kommune
I KS-sak 051/21 vert det vedteken å etablere ei tilskotsordning for å stimulere til bustadbygging (revidert versjon vedteken i KS-sak 011/22). Målet med ordninga er å auke bustadtilfanget i kommunen for å fremme tilflytting. Det vert sett av kr. 1.000.000 pr. år til formålet.
Slidre sentrum
Tilskot til bygging av bustad eller leilegheitsbygg, eller omfattande restaurering av bustad
- Det kan søkjast om tilskot på 5% av dokumentert utgift, oppad avgrensa til kr. 150.000/bueining for nyoppføring eller omfattande restaurering av svært utidsmessig eller ubebueleg bustad. For leilegheitsbygg er det oppad avgrensa til kr 500.000.
- Bruk av arkitekt MNAL eller tilsvarande utdanning for prosjektet kan utløyse kr. 20.000 i ekstra tilskot.
- Tilskot kan berre gjevast der kostnadane/bueining overstig kr. 1.500.000 Dette må dokumenterast ved kostnadsoverslag frå byggfagleg handverkar med ansvarsrett i kommunen. Søknad knytt til eksisterande hus må gjere greie for formål og kvifor tiltaka er naudsynlege for å kunne ta huset i bruk.
Søknad vert innvilga på følgande vilkår:
Tilsegn om tilskot må vere gitt før oppstart.
- Økonomisk stønad gjeld bygg/tiltak på tomter som i dag lovleg kan bebyggast i samsvar med gjeldande planar.
- Det må dokumenterast tilkomst til grunn det blir søkt på, anten ved eigarskap eller avtale med grunneigar.
- Bygging/tiltak må vere sett i gang minimum åtte månader etter tilsegn.
- Alle tiltak det blir gjeve stønad til, må vera i samsvar med gjeldande reglar etter plan- og bygningslova og gjeldande forskrifter.
- Omsyn til klima og miljø, og tilrettelegging for ulike alders- og befolkningsgrupper vil bli vektlagt i vurderinga av søknaden.
- Tilskotet blir utbetalt når ferdigattest er gjeve/tiltaka er utført med framlegging av rekneskap.
- Tilbygg, anneks, samt oppattbygging etter skader, slik som brann, vass-skade, naturskade o.l. er ikkje omfatta av ordninga.
- Ordninga gjeld ikkje bygging av fritidsbustader.
- Dersom søkjar har gjeve uriktige opplysingar i søknaden om tilskot, kan kommunen krevje tilskotet attendebetalt.
- Administrasjonen vil i sin innstilling til formannskapet leggje vekt på ei totalvurdering av søknaden i lys av kriteria, kommunens overordna planverk, gjeldande bustadstrategi og prosjektets potensiale for å auke tilflytting. FS gjer vedtak i ordninga.
Søknadsfrist 2023:
Løpande frå 1. januar.
Sist endra 24.05.2023 14.48