Kommunale bustadtomterVestre Slidre kommune har tilbod om gratis bustadtomter. I Rønshagadn bustadfelt er følgjande tomter ledige for salg: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10 og 13. I Sponbakkadn er følgjande tomter ledige for salg: 1, 3, 6, 9, 10, 13 og 25. Rønshagadn: Tomt nr. 14 - 17 + Terrasse er plan for seinere utbygging. Sponbakkadn: Tomt nr. 26 - 33 er plan for seinere utbygging. Vedtaket om gratis bustadtomter og betingelser KS-036/19 Vedtak, 02.05.2019: Vestre Slidre kommune tilbyr gratis tomt til alle som ynskjer byggje og busetja seg i kommunen. Tilbodet gjeld alle tomter regulert til bustadformål som kommunen eig. Bygging av bustad må igangsetjast etter seinast 3 år etter at kontrakt er signert. Dersom vilkåra ikkje blir oppfylt, kan kommunen krevje at tomta vert tilbakeført til kommunen eller at tomtekjøpar kan velja å betale den til ein kvar tid gjeldande pris for tomta. Tomta kan ikkje overdragast til ein tredje part før den er bebygd, utan kommunens godkjenning. I tilbod med gratis bustadtomt inngår følgjande: Tomtegrunn (ved festeavtaler må tomtekjøpar betale årleg festeavgift) Grunnlagsinvesteringar i veg, vatn og avløp er inkludert. Tilkoplingsavgift for vatn og avløp må betalast på vanleg måte i henhald til gebyr gjeldande for tidspunkt ved påkobling. Utgifter til oppmålingsgebyr, festekontrakt og skøyte må tomtekjøpar sjølv betale. Tilkoplingsavgift for straum til Valdres Energi må tomtekjøpar sjølv betale (For Rønshagadn er dette inkludert). 6. Vedtaket gjeld til 31.12.2019. Kommunestyret vert oppfordra til å gjere ei ny vurdering i løpet av hausten 2019. Om private tomter Kommunen er og positive til spreidd bustadbygging ved å få kjøpt tomt av private. Vilkår for spreidd bygging er at det ikkje kjem i konflikt med vesentlige LNF/kultur- og verneinteresser. Vassforsyning og avløp må kunne løysast på forskriftsmessig måte, samt at avkjøring kan godkjennast. Sist endra10.10.2019 09.53