Tilkoplingsreglement for kommunalt vass- og avløpsnett

Generelt

Foretaket (firma som er ansvarleg for graving og legging av røyr) skal vere godkjent etter “Forskrift til plan- og bygningsloven om foretak for ansvarsrett”. Grøftearbeid med leidningsnett er søknadspliktig arbeid etter plan- og bygningsloven.


Faglig leder i foretaket som skal stå ansvarleg for utførselen (graving og legging av røyr) skal ha ADK-1 sertifikat. Tilkopling /anboring til det kommunale nettet skal utførast av røyrleggjar. Skjema “søknad om sanitærabonnement” skal vere utfylt med opplysning om namn på ansvarleg røyrleggjar og person med ADK-1 sertifikat.


Arbeidet må ikkje setjast i gang før det er gitt skriftlege løyve til det frå teknisk avdeling i Vestre Slidre kommune og tilkoplingsavgift er betalt.
Når løyve er gitt, skal teknisk avdeling varslast (minst 1 dag i forvegen) og det skal avtales befaring for påvisning av tilknytningspunkt før hovudleidning blir avdekka. Ved graving i fylkes- og riksveg må søkjaren innhente løyve frå Statens vegvesen. Tiltakshaver må sjølv ta kontakt ned Televerk og Valdres Energi for kabelpåvisning. Det må innhentast gravetillatelse frå berørte grunneigarar.


Teknisk avdeling i Vestre Slidre kommune skal ha varsel om når påkopling skjer slik at arbeidet kan kontrollerast. Alle påkoplingar skal kontrollerast før grøfta vert attfylt. Kommunens kontrollør kan påleggje tiltakshaveren å trykkprøve det nye anlegget.


Det skal lagast skisse/kart med innmåling av leidningar, kummer, dimensjonar m.m. Dette oversendes Vestre Slidre kommune straks arbeidet er utført. Tiltakshaveren skal sjølv ha ein kopi av alle skisser.


Tiltakshaveren må utbetre eller erstatte skader som vert påført hovudleidningen eller andre innretningar.


Alle omkostningar, drift og vedlikehald av private leidningar fram til hovudleidningen (den kommunale leidningen) bæres av hus/hytteeigaren (abonnenten). Dersom abonnenten tilkallar kommunens driftspersonell ved driftsproblem og det viser seg at problemet er på privat leidning kan kommunen krevje betaling for utført arbeid etter medgått tid og kjøyregodtgjersle etter statens satsar.


Feil ved private leidningar skal varslast til Vestre Slidre kommune og reparerast så snart det er praktisk mogeleg.

Spesielle retningslinjer vatn


Tilkopling kan skje ved uttak i kum eller ved anborringsklammer. Minste avstand mellom anboringer er 0,5 m. Ved anboring utanfor kum skal det benyttast 5/4” ansats, 5/4” - 1” albue, 1” ansats, 1” albue og 1” tipunion, for å kunna ta opp bevegelsar i grunnen. Tilkoplingspunktet skal anvisast av teknisk avdeling i Vestre Slidre kommune.


Stoppekran skal plasserast ved uttaket. Ved uttak i vegbane (utanfor kum) skal sterk bakkekran m/teleskopspindel plasserast utanfor veggrøfta.
Som stikkleidning kan nyttast røyr av PE og PVC. Alle røyr og delar skal vere i trykklasse PN 10.

Spesielle retningslinjer avløp, spillvatn


Tilkopling skal vanlegvis skje i stakekum. Der det ikkje er kommunal stakekum som er høveleg plassert skal tiltakshaveren sjølv syte for montering av stakekum som skal plasserast nær den kommunale leidningen men på stikkleidningen.


Stikkleidning skal tilkoplast til den kommunale leidningen i vasstett utførelse med standardiserte overgangsdeler.


Som stikkleidning kan nyttast røyr av PVC (rødbrune røyr). Minimum dimensjon skal vere 110 mm. Alle røyr og deler skal tilfredsstille kvalitet for grunnrøyr, klasse T.


Eventuelle eksisterande septiktankar/slamavskillere må enten fjernast eller kortsluttast.

Spesielle retningslinjer avløp, overvatn


Overvassleidning skal vere av betong eller av PVC (svarte røyr).

Skjema søknad om sanitærabonnement må sendast inn i utfylt stand saman med søknad om byggeløyve.