Påminning om installering av vassmålar før 01.01.2023

I revidert forskrift om vatn- og avløpsgebyr i Vestre Slidre kommune, 20.12.2018, er det krav om at alle abonnentar som er kobla til kommunalt leidningsnett for vatn, skal ha montert vassmålar innan 01.01.2023.

Det går fram i §7:
«Det er krav om at alle skal ha installert vassmålar innan 2022. Kommunen er eigar av vassmålaren om ikkje anna er avtala. Vassmålar som tidlegare er kjøpt inn privat, forblir i privat eige til det tidspunkt den treng vedlikehald/utskifting. Kommunen bestemmer type, plassering og størrelse på målaren. Ansvarleg røyrleggjar hentar ut vassmålar i kommunen og pliktar å plombere vassmålaren etter montering. Målaren skal vere plassert på ein oversiktleg plass der han er lett å lese av og vedlikehalde.

Kostnader for installasjon, drift og avlesing av vassmålar vert dekt av abonnenten».

Skriftleg bestilling av vassmålar sendast til: camilla.halien@vestre-slidre.kommune.no

Dagens stipulering av forbruk gjeld ut 2022 og det kan kome endringar i forbruksgebyret for dei som ikkje har montert vassmålar innan 01.01.2023.

Kommunen vil med dette minne om fristen og ber om at dei som enno ikkje har gjort dette i god tid før fristen går ut, kontaktar røyrleggjar for å få det ordna.

Ved spørsmål, ta kontakt på e-post: camilla.halien@vestre-slidre.kommune.no