Reguleringsplan for Slidre basishall. Varsel om oppstart

Vestre Slidre kommune varslar med dette oppstart av reguleringsplanarbeid for Slidre basishall. Fristen for innspel er 29. mai 2024.

Målet med planen er å legge til rette for å bygge basishall og tilhøyrande parkering.  Vestre Slidre har tradisjon for eit aktivt turnmiljø og for å vidareutvikle dette har kommunestyret vedteke at det skal byggast ein basishall.

Planområdet er 12,3 daa stort og ligg aust for Vestre Slidre skule og Skogen stadion. 

Planområdet markert med lilla

Området består av eksisterande parkeringsplass for skulen («Lærarparkeringa»), eit skogområde med gravhaugar i vestre del, ein etablert bustadeigedom, fulldyrka jorde, havnehage og skog i nord.

Eksisterande og planlagt vegtilkomst er frå vegen Tvengisbakkin i sør som munnar ut i fylkesveg 2484 Slidrevegen.

Basishall er definert slik i wikipedia: “Idrettens basishall er av kulturdepartementet definert som en treningshall for turn med permanent oppmontert utstyr. Før kalte vi det for «turnhall» og det var noe en turnforening brukte. I dag tenker vi mer helhetlig – turn er en del av et større idrettsbilde”.  Skisse av ein basishall (PDF, 53 kB).  

Planutkast

Vi har allereie no i oppstartsfasen utarbeida eit utkast til plankart (PDF, 493 kB) og føresegner (PDF, 85 kB).  Planen legg til rette for:

  • At hallen og parkeringsplassar kan opparbeidast i samsvar med denne skissen (PDF, 650 kB)
  • Forlenging av eksisterande veg nord for bustadeigedomen som gang- og sykkeltilkomst frå skulen og frå nordvest. 
  • At den eksisterande bustadeigedomen anten kan utviklast som bustadeigedom eller til tenesteyting knytt til skule eller idrett.

Forslaget er å finne i digitalt plankart i arealplaner.no og i origo. Ei enkel brukarrettleiing av arealplaner.no og origo finn du her.

Prosess

Det har vore ein omfattande innleiande prosess knytt til spørsmålet om lokalisering av basishallen. Alle journalførte dokument i saka er å finne her

Den vidare planprosessen er:
1.    Varsel om oppstart (dette brevet)
2.    Revidering av planforslaget med føresegner etter innspela ved varsel om oppstart. Utarbeide planomtale og ROS-analyse.
3.    Handsaming i formannskapet. Utlegging av planforslag til offentleg ettersyn
a.    Evt. ny utlegging av revidert planforslag
4.    Vedtak i kommunestyret, kunngjering av vedtak 
5.    Evt. handsaming av klage
 

Uttaler

Merknader og innspel ved oppstart av planarbeidet skal vere skriftlege. Dei kan sendast på følgjande måte

Fristen er 29. mai 2024.