Næringar i Vestre Slidre
Sagbrukshistoria ved Fosheimsfossen går tilbake til 1860 da familien Fosheim startet opp med sagbruksdrift ved fossen mellom Feresfjorden og Strandefjorden i Vestre Slidre. Sag og høvleriet vart den gang drive av vannkraft. Dette danna grunnlaget for det som seinare vart næringsmiljøet i Røn som no omfattar mellom anna byggevarer og trelast, ysteridrift, landbruksmaskiner, kjøttforedling, byggefirma og butikksenter.
Vestre Slidre kommune er mykje meir allsidig enn berre natur- og kulturhistorie. Landbruket står framleis sterkt i kommunen, men mange av bøndene har fleire bein å stå på. Småskala produksjon og reiseliv har stor betydning. Møbelsnikkarar, treskjerarar, biletkunstnarar, rakfiskprodusentar og byggevarer utgjer ein sentral del av næringsverksemda. Dette er med på å skape eit miljø som gjer kommunen interessant, både som reiselivsmål og lokalmiljø for dei fastbuande.
Reiselivet står sterkt i kommunen, og det vert satsa mykje i Vaset-området no om dagen. Vestre Slidre har omlag 2000 hytter, noko som er med å styrke dei eksisterande reiselivsbedriftene, men det er rom for fleire.
For etablerarar og næringsdrivande kan kommunen tilby:
- Tilgang på industriareal i Lomen
- Tilgang på areal for utvikling av turisme, spesielt på Vaset
- Gode kommunikasjonsmoglegheiter (E16)
- 20-25 kilometer til regionsenteret Fagernes
- Kommunalt næringsfond/kraftfond som vert nytta til etablering og utvikling av næringslivet
- Politisk vilje for tilrettelegging av arbeidsplassar, mellom anna gjennom investeringar i infrastruktur
- Visit Valdres, som jobbar for reiselivet i Vestre Slidre og Valdres
Næringsutvikling
Valdres Næringshage er regionens innovasjons- og utviklingsselskap, og fungerer som eit praktisk verktøy i næringsutviklinga. Medan kommunen tilbyr førstelinjeteneste for næringslivet, er Valdres Næringshage det faglege og operative miljøet som hjelper bedrifter og gründerar med å realisere idear, skape vekst og styrkje berekrafta.
Kva gjer Valdres Næringshage?
- Rettleier etablerarar – frå idé til forretningsplan og vidare prosess. Vi tilbyr etablerarkurs og enkel rettleiing i å starte bedrift, eller vegen frå idé til etablert verksemd.
- Bidreg i bedriftsutvikling med skreddarsydd rådgiving, strategiprosessar og koplingar til relevante fagmiljø og nettverk.
- Tilbyr kompetanseheving gjennom kurs, seminar og møteplassar for læring og nettverksbygging.
- Er ein naturleg samarbeidsarena for næringslivet i Valdres, der aktørar møtest og utviklar nye moglegheiter saman.
- Vi tilbyr òg Miljøfyrtårnsertifisering og andre sertifiseringsordningar.
Valdres Næringshage arbeider målretta for auka verdiskaping, innovasjon og berekraft, og bidreg til at både nye og etablerte verksemder finn eit solid fotfeste for vidare utvikling. Vår visjon er å dele for å skape.
Les meir på Valdres Næringshage (valdres-nhage.no)
Éin veg inn
Dette er Innovasjon Noreg sin nye portal for alle som har behov for hjelp med næringsutvikling.
Her kan bedrifter eller etablerarar leggje inn behovet sitt for hjelp på éin stad. Innovasjon Noreg sender deretter førespurnaden til den aktøren som er mest aktuell til å bistå bedrifta.
Dette kan vere:
- næringskonsulent i kommunen
- planavdeling i kommunen
- næringshagen
- rådgivar i Innovasjon Noreg
Dette vil gjere det enklare for alle som er i kontakt med bedrifta å følgje opp. Ein får opp historikk, alle dokument er tilgjengelege, osv.
Meir informasjon om «En vei inn» (enveiinn.no)
For meir informasjon om «En vei inn», ta kontakt med:
bente@valdres-nhage.no eller support@enveiinn.no
Valdres Næringshage