Hogst i vernskog

Vernskogen i Valdres ligg opp mot fjellet, så høgt at det er vanskelege foryngelsesforhold, eller så liten vekst at skogen kan bli øydelagt ved feil hogst. I Vestre Slidre ligg vernskoggrensa på ca 860 MOH.

Det er fylkeslandbruksstyret som har vedteke kva for område som har vernskogstatus og korleis skjøtselen av disse skal skje. Eit viktig prinsipp er at varmeklimaet ikkje skal forverrast ved hogstinngrep og at skogen skal behalde eit samanhengande skogbilde over tid. Det kan altså ikkje hoggast store hogstflater og rundt halvparten av den stående skogen må bli stående. Det skal også takast vare på element som kraggfuruer, turre og vridde tre og reirplassar for store rovfuglar.

 

All hogst i vernskog, med unntak av hogst til eige bruk, skal meldast til kommunen ved landbrukskontoret seinast 3 (tre) veker før hogsten tek til. Skjema for melding av hogst i vernskog ser du i menyen til høyre. Eit kartutsnitt som viser det aktuelle hogstområdet, skal ligge ved meldinga som skal sendast til Landbrukskontoret i kommunen