Jordbrukforvaltninga

Landbruk - bilde - Klikk for stort bilete Avdelinga si hovudoppgåve er å arbeide aktivt for å oppretthalde og vidareutvikle land-bruket som hovudnæring i Vestre Slidre. For dei tilsette på avdelinga inneber dette krav til rettleiing og medverknad, for å oppretthalde næringa og styrkje busetnads¬grunnlaget i kommunen.

Rådgjeving

Landbruksavdelinga skal gje fagleg råd i spørsmål knytt til kulturlandskap, husdyrbruk og jord- og plantekultur i kommunen. Her vil du kunne få informasjon om ulike lover og reglar og tilskotsordningar i jordbruket.

Lovforvaltning

Avdelinga skal medvirke til at næringsutøvarane nyttar jordbruksressursane sine på ein samfunnsmessig, økonomisk og miljømessige forsvarleg måte. Lovsaker etter jordlov, odelslov, og konsesjonslov vert handsama her:

- deling av landbrukseigedom
- frådeling av tomt/tilleggsareal
- omdisponering av jordbruksareal
- søknad om konsesjon på erverv av fast eigedom
- fritak for bu- og driveplikt

Det er gebyr på handsaming av delingssaker og konsesjonssøknader etter jordlov og konsesjonslov.

Avdelinga organiserer også landbruksvikarordninga.

Kontaktinfo

Anne Marie Mørstad
Jordbruksrådgjevar
E-post
Telefon 61 34 51 38
Steinar Tvedt
Rådgjevar
E-post
Telefon 61 34 50 97

Adresse

Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16
2966 Slidre

Kartpunkt