Her kan du lese om fritidstilbod for barn og unge i Vestre Slidre kommune.
NYHEIT!
Psykisk helse og kulturkontoret vil i samarbeid dekke tre dagar i Vaset skiheiser for barn og unge frå 5. til 10.klasse som er busette i Vestre Slidre kommune.
Det var over 30 stk. 5-10. klassingar som deltok på tilbodet første gong.
Desse dagane er det tilbod om gratis kjøring for dei som ynskjer det:
Syndag 15. januar kl. 10.00-16.00
Syndag 12. februar kl. 10.00-16.00
Laurdag 11. mars kl. 11.00-16.00
Det vil vera moglegheit for å leige utstyr gratis.
Det vil vera på eige ansvar å delta, men ungdomsarbeidarane, Katrine og Ruben, vil vera tilstades.
Vi må ha påmelding på kven som ynskjer å delta på desse dagane. Send difor mail til Katrine: Katrine.bendiksen.opheim@vestre-slidre.kommune.no
Opplys også i eposten om du treng utstyr.
Aktivitet for dei aller minste
Småbarnstreff:
Det blir arrangert småbarnstreff (PDF, 177 kB) kvar veke.
Tema varierer frå sang til symjing.
Aktivitet for barn
"Ut på tur":
Annakvar måndag er det "UT PÅ TUR" for 4. klassingane.
Her kan du lese om ut på tur (PDF, 173 kB) for skuleåret 2021/2022.
Aktivitet for ungdom
Vi har ein eigen ungdomsklubb Løfte.
Ungdomsklubben er open kvar onsdag kl. 18-21.
I ungdomsspalten (PDF, 635 kB) kan du lese meir om aktiviteter som vart arrangert for ungdom skuleåret 2021/2022.
Felles
Det er mange idretts- og treningstilbod i Vestre Slidre.
Friluftsliv er ein viktig del av livet i Vestre Slidre. For å hjelpe alle innbyggjarar til å bruke naturen har vi laga BUA. Her kan du låne turutstyr. Vi har til dømes telt, fiskeutstyr, sykler og ski. Bua er open torsdagar kl. Kl 15.30- 17.30.
Her finn du haustprogram (PDF, 217 kB) for Kultur og frivilligheit med mange ulike aktiviteter for alle aldersgrupper.
Sist endra 20.01.2023 14.21