Velkommen til Vestre Slidre skule

Om skulen

Vestre Slidre kommune har ein grunnskule, Vestre Slidre skule, som er ein kombinert barne-og ungdomsskule. Skulen har om lag 210 elevar og 40 tilsette.

Vår visjon er "Vestre Slidre skule - ein skule for alle, med blikk for den enkelte." Våre elevar skal føle seg verdifulle og verdsette for den dei er. Elevane skal møtast med respekt, omsorg og tillit. Våre elevar skal oppleve meistring gjennom å bli møtt med krav og forventningar ut frå eigen ståstad.

Skulen ligg sentralt til i tettstaden Slidre. Her har vi god plass til variert aktivitet og læring både inne og ute. Vi har eit variert uteområde med ballbinge, BMX-park, turnstativ, grillhytte og aktivitetsparken Tarzanjungelen.

 

Bilde av Slidre skole leik - Klikk for stort bileteSkuleplassen
Bilde av Vestre Slidre skule - klatrestativ - Klikk for stort bileteTarzanjungelen
Bilde av Skateparken - Klikk for stort bileteBMX-parken
Bilde av Vestre Slidre skule - ballbinge - Klikk for stort bileteBallbingen

Skulen har eit nært samarbeid med kulturskulen, som ligg vegg i vegg med skulen. Saman arrangerer vi mellom anna felles sommaravslutning. Dei tilsette i kulturskulen bidreg også inn i skulen sin KorArti-konsert før jul.

Elevane i 1.-3. klasse har eigen I-pad, og i 4.-10. klasse har dei eigen PC. Vi har også nye digitale skjermar i alle klasserom.

Vestre Slidre skule ligg landleg til, og har flotte område for friluftsliv. Skulen har samarbeid med fjellstyret, Vestre Slidre Jeger og fiskarlag, landbrukskontoret og Brennabu leirskule som gir tilbod om aktivitetar gjennom skuleåret.

Skulen har tre satsingsområder:

- Alle tilsette: Trygt og godt skulemiljø

- 1.-7. klasse: Elevmedverknad

- 8.-10. klasse: Vurdering

Nyttig informasjon


Føresettportalen - kommunikasjonsplattformen mellom heim og skule

Vestre Slidre skule nyttar Visma Flyt Skole som skoleadministrativt system. Systemet skal nyttast til mellom anna meldingar og fråversregistrering. Elevens personvern skal ivaretakast og føresette må difor ikkje sende sensitiv informasjon i meldingar til skulen. Føresette ved skulen må logge seg inn i føresettportalen. For deg som er ny: Visma Flyt Skole har både ein webversjon og app:
                                   
Visma Fly Skole webversjon
Gå inn på https://skole.visma.com/vestre-slidre/
og logg inn med ID-porten. 

Visma flyt skole Foresatt - app 
Last ned appen fra App store (Iphone) eller Google Play (android).

Skulen har også sin eigen facebookside du kan følge med på.

Skulestart

Innskriving ved skulen blir annonsert i avisa Valdresen og på heimeisda til kommunen. Her kan du lese om meir skulestart (PDF, 91 kB) og kva du må gjere om du ønsker utsett skulestart, tidelgare skulestart eller fritak frå opplæringsplikta i grunnskulen. 

Skuleskyss

Her kan du lese om skuleskyss (PDF, 43 kB) og retningslinjer for skuleveg i Vestre Slidre kommune. Elevar som blir innvilga fri skuleskyss og som nyttar buss får tildelt skysskort. Elevar som har skuleskyss med drosje har ikkje skysskort. Elevane skal alltid ha med skysskortet når dei skal kjøre buss. Skysskort blir delt ut på skulen. Sjå elles  www.innlandstrafikk.no/skoleskyss/grunnskole

Skuleskyss - tilhøvet til private skuler:
Om foreldre ynskjer at barn i skulepliktig alder skal gå i frittståande skule, t.d. Valdres Montessoriskule, er det viktig at føresette set seg nøye inn i reglane for skuleskyss. Bakgrunnen for dette er at det fyljer av friskulelova § 3-7 fyrste ledd, 2. pkt at rett til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i grunnskolar berre gjeld  innafor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur. Lova opnar ikkje for unntak for dette. Det betyr at det i lov eller forskrift ikkje er opna for noko unntak som kan gje rett til skuleskyss utanfor kommunegrensa. Kommunen skal likevel i all sakshandsaming gjere ei forsvarlegheitsvurdering. Kommunen er og underlagt barnevernkonvensjonen art. 3 kravet til å vurder omsyn til barnets beste. Dette betyr at før eit barn blir take ut av skulen i kommunen og flytt til t.d. Montessoriskulen, er det sterkt å anbefale at føresette er kjent med konsekvensane knytt til skuleskyss. Og at det er avklart med kommunen i høve til at løysingar fram til kommunegrensa før skulebytte skjer. Kommunen skal og i slike tilhøve fatte vedtak om skuleskyss i høve til friskulelova § 3-7 om skuleskyss. Noko sakshandamingstid må generelt påreknast. Kommunen føl den praksis at barn i kommunen som har rett til skuleskyss, nyttar vanlege skuleruter. Kommunen har i nokon tilfelle likevel vald å yte noko ekstra, ut over kommunegrensa, ved å betale busskort, slik at barnet og kan fylje rutebussar. Ut over dette, kan ein ikkje rekne med at kommunen dekker skyss utanfor kommunegrensa. Det vil altså være føresette som etter lova må finne løysingane for skysstilhøve mellom friskule og heim som ikkje kan løysast ved ordinær skulerute innan kommunegrensa.  

Skulemjølk

Skulen er med på TINE si abonnementsordning Skolelyst. Der kan føresette bestille skulemjølk og andre produkt. Bestilling gjer de her: http://www.skolelyst.no   

Elevpermisjon

Her kan du lese meir om elevpermisjon (PDF, 81 kB). Kontaktlærar kan gje permisjon inntil 3 skuledagar. Rektor kan gje permisjon inntil 10 skuledagar. Føresette søker om dette i visma.

Trygt og godt skulemiljø

Her finn du ordensreglement for skulen (PDF, 308 kB) 
Vi har ein plan for trygt og godt skulemiljø (PDF, 459 kB)
Få hjelp mot mobbing

Samarbeid på tvers av faggrupper

Kommunen har eit tverrfagleg innsatsteam for barn og unge i Vestre Slidre kommune, og vi samarbeider mellom anna med helsestasjonenPPT og barnevern.

Andre nyttige lenker

Valdres vidaregåande skule

Kontaktinfo

Vestre Slidre skule
E-post
Telefon 61 34 51 10

Telefon (SFO)
46840114

 

Janne Opheim
Rektor
E-post
Telefon 61 34 51 10
Knut Magne Børve
Assisterande rektor
E-post
Mobil 61 34 51 10

Adresse

Vestre Slidre skule
Slidrevegen 17
2966 Slidre